3 mnd sidan heimkomst frå Moskva

Hei igjen!!😄😄

No er det 3 mnd sidan eg kom heim frå Moskva og måtte støtte meg for å komme frå A til B. Hittil føler eg at forma er bedre enn på lenge- har positiv tru på at stamcellebehandlinga har virka. Men det er kort tid sidan og er spent på tida vidare...

Målet mitt fysisk var å gå på toppen av eit lokalt fjell (Breidfjellet) i løpet av sommaren- det har eg gjort allreide med bra tempo (✔)

Har vore på sykkeltur  (✔ )😄 

Føler at eg ikkje treng ikkje so mykje kvile som før, har en kjapp kommentar på lur (treng ikkje tenke meg om like lenge...), bedre handskrift og konsentasjon.✔

Vegen tilbake til arbeidslivet lokkar no, men bør nok skynde meg langsomt også her..🤔

At håret veks ut igjen det er underordna, men likevel fint at det viser etterkvart... Det som kjem er lyst trudde eg 😬😬 , men det er no sikkert grått altso, men «GRÅTT E HOTT» 😉😉

 

2 mndr etter behandling

  

Med bedre motorikk og trening på bokstava er signaturen min på plass og lik den i passet mitt😄😄

Har ikkje vore aktiv bloggar i det siste- ikkje fordi eg er for dårlig altso...😄  

Har hatt oppfølging frå lege her heime - Immunforsvar og andre blodverdiar har blitt målt kvar 14 dag. Alle er på plass i dag og treng ikkje vere redd for smitte lenger.

Eg har vore i aktivet når den fysiske forma har tillete det. I starten rusla eg sakte - spurte om maan min ville vere med - «du treng ikkje dusje etterpå also» Å skunde seg sakte har vore viktig, men også ei utfordring for utolmodige meg. Har spasert litt kvar dag og føler no at forma er bedre og eg kan gå raskare og lengre.😄

Har fått  kommentara om at eg ser bra ut - ikkje minst er det mange som merkar at stemma mi er klarare .. Det er kort tid sidan Moskva og angra ikkje på valget hittil. Ser at håret på heile kroppen kjem tilbake- men fyrst på plassar eg som dame ikkje ønskar (i ansiktet😬)...

Kva med oppfølging vidare og korleis vite at sjukdommen er stoppa? Er forsatt MS-sjuk og skal ha jevnlege kontrollar som før. Dette fordi eg ønska det sjølv. Skal på MR 1 gong i året for å sjå om endringar og nye attak i sjukdommen. Blodprøver vil ikkje vise noko.

Håper på fortsatt positiv utvikling og ettervart tilbake i arbeid.

 

 

2 veker heime etter stamcelleskifte

Ei lita oppdatering på helsa mi so langt..😄😄  Nokre har etterlyst bloggen, og ein del spør dei rundt meg «kor det går» 👌👌👌 Det går bra med meg, berre eg ta det nok med ro.. har ikkje krefter  til å «åsne» heller 😬 eg har starta med lett rehabilitering- gjere øvelsa uten puls.. og spasering i frisk luft...

Har vore med doktor i dag og tatt blodprøver for oppfølging iflg planen. Har ikkje godt nok immunforsvar i dag- må fortsette med «partikkelmaske» til neste oppfølging ja.... 

Behandlinga liknar i dag på «ctrl/alt/del. En del ting må eg lære på nytt: berre sjå på signaturen min på kontrakta siste dagen i Russland øverst.. no driv eg å øver på signaturen min slik den var. Har nok gløymt en del andre ting som må lærast på nytt- ka det e huska eg ikkje 🤔🤔

 

1. Dag heime

Dagen i dag har vore bra,men har dårlig balanse og, er ustø. Men det kjem seg etterkvart, har tross alt lagt i ei seng i 4 veker.Har god matlyst, viktig å fylle kroppen med næringsrik mat, så kjem vel kreftene etterkvart🤞Har god tru framover🙂 Vakna tidlig i dag, var «skrubbsvolten» så då var det berre å stå opp og ete frokost, klar med kaffien leeenge før OL sendingane starta😀

I går hadde vi besøk av frisøra som fjærna dei gjenverande «fjon» av hår etter cellegifta. Det var både rart og godt. 

No er eg endelige heime!

Å ta stilling til å ta behandling i Russland måtte eg vurdere fleire gonga- eg høyrde dei er flinke der. Når eg var ferdig med behandlinga, sa legane seg veldig fornøgde.Eg har etter det legane meiner gode forutsettningar for bedre livskvalitet🤞😄. Det må eg ha tru på. Eg har vore vekk frå familia mi lenge, men syns det har vore verdt det!. Eg kjem no heim uten Ms, men veit at eg må vere obs på opp og ned tura i fleire månadar. Hadde møte med dr F før vi drog, der han fortalte kva vi skal passe på etter behandlinga😄

Eg set veldig stor pris på alle lykke ønskningane og fantastisk støtte som eg har fått etter dagbokskrivinga mi. Håper eg har fått andre  til å «tørre» Set pris på dokke alle ❤️❤️❤️❤️

Kan vere eg skriv meir seinare, no e det restitusjon og opptrening som gjeld....

No letta flyet frå Vigra

I ettermiddag letta flyet som skal lande i Moskva i natt. Tor skal hente behandla kjærring der legane har sett immunforvaret hennar heilt til buns. Dette har dei gjort med cellegift. Nye stamceller vart tatt ut og sett inn att. Dette er dei ferdige med no.  Han skal no ta meg med heim uten MS. 

Eg har lagt i ei seng og fått behandling- litt dårlig motorikk og svakheit har eg sikkert, men det kjøme seg vel etter kvart.

Har hatt eit fint opphald på sjukehuset, men det blir godt å sjå dokke alle igjen!!❤️❤️_

I dag kan eg også gå ut av rommet mitt

Eg fekk litt meir kortison i dag. Etter det måtte eg ligge stille i senga i 5 timar. Då rensa dei kroppen min med flytande væske.

I kveld tok dei vekk  alle rør som har vore faste i meg😄😄😄   Då kan eg enedleg dusje heile kroppen igjen 💕

1. dag uten Isolat for meg!!!

 Lakris er godt å ha also❤️

Har tatt meg ein deilig dusj (kun opp til dissa so henge i halsen) dei skal fortsatt takast blodbøver og intravenøs  kortison der. Dei skal også bruke dei heilt til eg reiser frå sjukehuset.

 No kan eg fritt gå ut av rommet, men må ha på  meg munnbind for å unngå smitte. Eg har starta forsiktig med trenng. Det skal lite til før pulsen stig so eg held meg fast  i gelenderet. Må ta det med ro når eg trenar- holde meg fast,  men gå meg gjerne en tur:

Har starta å misse håret etter cellegifta - det e no naturliig tidspunkt det. Berre Tor he på meg godt med hue på haudet når vi reiser frå sjukehuset so ordna det seg nok.

Iso dag 8

 Mellombar var proteinane som var mykje i bruk heime med oss- tok med noken eg....

Blodbrøve, sprøyte i handa og intravenøst kotrison i dag og det blir vel fleire slike besøk.. I dag var legen inn og eg fekk bekrefta at det er min siste dag på   isolatet. Yippi - Det blir kjekt å få igjen kofferten, væske,sminke, og so dei vanlige klena sine igjen. 

Eg må nok trene meg forsiktig opp igjen- hittil har eg ikkje fått brukt hjerte i det heile. Dei har vel et opplegg på det også🤔 Håpe forma mi var bra før, sånn at kroppen huska kor øvelsane var gjorde👌👌😄  

Eg gler meg til i morga altso❤️❤️