Reise til Moskva nærma seg..

Stamcelletransplantasjon på sjukehuset i Russland januar 2018 nærmar seg. Angra eg på valget? - hadde nok angra om eg ikkje tok sjansen..

Flybillettar og visum er i box- vi blir henta på flyplassen i Moskva og køyrde til hotellet der vi skal bo. Føler meg ikkje redd, men spent.. Tankane mine er nok reist til Moskva allereide.. 

Har plan på å kome med jevnlege oppdateringa når behandlinga har kome i gang!

 

God Jul og Godt Nyttår!!

Håpet om å stoppe MS i Moskva

I 2009 fekk eg konstantert MS etter ein kontroll då tvillingsøstra mi fekk MS. Søstra mi sin sjukdom er framskreden og ho bor i omsorgsbolig. Nye MR-bilder viser at sjukdomen har hatt ei forverring og eg må ha sterkare bremsemedisin. Det er avgjerande at eg får stamcellebehandling i utlandet som kan stoppe utviklinga. Eg har fått innvilga søknad om behandling i Moskva og ønsker å gripe sjansen før det er for seint. Om og når det norske helsevesen vil utføre slike operasjonar er uvisst. Behandlinga kostar 500.000 med reise og opphald. Dette må eg betale sjølv. Medisin min koster i dag 250.000 i året, denne er betalt av det offentlige. Stamcelletransplantasjon er risikofullt men eg føler det er meir usikkert å vente på at sjukdomen utviklar seg. Eg kan bli invalidisert og for sjuk for behandlinga.

Eg har konsultasjon hos lege i Moskva 22. januar. Før behandlinga starter blir eg grundig undersøkt for å finne ut om kroppen er frisk nok til å tåle stamcelletransplantasjon. I korte trekk går det ut på å ta ut stamcellene for å rense dei og så å sette dei inn igjen. Dette er ikkje risikofritt og det er viktig at eg er i god form. Eg er ei aktiv jente og trening er viktig. No er det dagsforma som bestem kor mykje eg er i aktivitet.

Målet er å stoppe sjukdomsutviklinga slik at eg kan mestre livet som eg gjer i dag, og ikkje minst vere tilstades med og for familien. Med denne operasjonen vil eg spare det norske samfunnet for kostnader med MS-medisinen eg tar i dag. Eg balanserer på ein knivsegg slik sjukdomsbildet har utvikla seg, og det er no eller aldri eg kan gripe «gullbilletten».

Eg er så heldig at venner har starta en innsamlingsaksjon på Facebook som heiter "Bli med og vipps MS-sjuk Monica til Moskva". For kvar person som gjennomfører stamcellebehandling gir det nye sjanser til MS-sjuke som kjem etter. Kanskje vil det bidra til at det norske helsevesen tilbyr slik behandling om få år.

Om du ønsker å hjelpe meg til Moskva er alle beløp kjærkomne. På forhånd tusen takk! 
Vipps til mobilnummer: 93052175
Kontonummer: 3910.24.47240